Fleire viktige undersøkingar syner at pårørande til personar med demens har stort behov for kunnskap, hjelp og støtte i kvardagen.
Helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune i samarbeid med Ytre Sunnmøre demensforeining, vil bistå med slik kunnskap, hjelp og støtte, og inviterer difor til kurs.
Kursforedragshaldarar vert lege Stian Endresen, sjefspsykolog Kjersti Wogn-Henriksen, ergoterapeut Maritette Gjerde, demenskontakt Inger Storheim frå Nasjonalforeningen for folkehelsen Møre og Romsdal, sokneprest Margit Lovise Holte og soneleiar Gunn Helen Hauge Muren ved demensavdelinga ved Ulstein kommune.
Tema vert ulike demenssjukdommar og behandlingar, korleis det er å oppleve og leve med demens, velferdsteknologi, økonomiske rettar for pårørande, sorgreaksjon og meistring av sorg ved pårørande og demensomsorga i Ulstein kommune.
Kurset går over fire kveldar i tidsrommet 17. september til 29. oktober i år.