Kleven Verft har teke i mot mange politikarar. Det er ikkje lenge sidan statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland var der.

I dag var det den nyvalde partileiaren i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, som kom. Han skulle ha vore der kvart på ti i føremiddag, men flyet var litt forseinka og dei køyrde feil, så han kom ikkje før halv elleve.

På den dryge halvtimen han var ved verfet rakk han å ete svele medan han fekk ein kjapp presentasjon om verftet. Administrerande direktør Ståle Rasmussen fortalde om korleis dei arbeider. Han hadde også eit stikk til norsk formueskatt. Jonas Gahr Støre var vitebegjærleg og stilte mange spørsmål.

– Fantastisk! Det er imponerande, sa Støre etter presentasjonen. Deretter fekk han ei omvising på verftet. Han fekk sjå korleis robotane fungerer og korleis dei set saman dei ulike modulane.

Vil sjå på det med skatt

Den nyvalde partileiaren er på Noregsturne for å sjå og lære meir. Det var etter eige ønskje at han starta turneen sin ved Kleven i Ulstein. Han er imponert over kva dei får til.

– Kva vil du som politikar gjere for norsk industri?

– Det er viktig at me som er politikarar lyttar og lærer. Det er difor eg er her. Me må sjå på det med rammevilkår, kompetanse, økonomi og skatt, svarer Støre.

– Så du vil sjå på det med skatt?

– Ja, sjølvsagt må me sjå på det med skatt. Å betale skatt er ein del av spleiselaget som gjer at me har pengar til helse, skule, omsorg og bortetter. Men bedriftene skal også kunne konkurrere med andre bedrifter.

– Me ønskjer ikkje subsidiar, berre fair play, supplerer Rasmussen.