Skateinteresserte ungdommar får sjansen til å lære seg nokre triks av firegonger Noregsmeister i skateboard, Henning Braaten.

Henning Braaten Skateboardskole» kjem til Ulsteinvik for både oppvisning og skateboardskule fredag 24.mai. Arrangør er kulturkontoret i Ulstein ved Bell Ungdomsklubb. Dette i samarbeid med Ungdomsrådet i Ulstein, som har bidrege økonomisk.-Det er veldig kjekt å kunne tilby skateinteresserte ungdommar eit slikt opplegg. Vi håpar og trur det å få lære av ein så dyktig og profilert skater som Henning Braaten er vil inspirere og motivere, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

Påmelding

Det er totalt plass til 24 deltakarar på sjølve skateboardskulen. Tilbodet er fortrinnsvis til Ulstein-ungdom i alderen 12-18 år. - Men vi har alt eit par 11-åringar på venteliste som vil få plass om det ikkje har fylt seg opp over pinsehelga, og vi tek også i mot påmeldingar frå ungdom i våre nabokommunar, understrekar Flatin.Dei som ønskjer å vere med må kontakte ungdomsarbeidaren på Facebook eller epost.. Det kostar 150 kroner å vere med på skateboardskulen, og då får ein også mat. Først når ein har betalt er ein endeleg påmeldt.

Gler seg

Turneleiar Kjell Fiskerud seier dei gler seg til å besøke Ulsteinvik og treffe nye rullebrettkøyrarar.- Henning er flink til å jobbe med ungdom og eg kan love at dei som melder seg på vil lære seg nye triks, seier han.Henning Braaten vil ha med seg ein assistent. I tillegg til skateboardskule vil det først vere ei oppvisning som er open for alle. Både oppvisninga og skulen er planlagt og vere på Kulturallmenningen i sentrum. Braaten vil vere på Moa dagen før, og på Sjøholt dagen etter. Men det er berre i Ulsteinvik det vert skateboardskule.