Båtbordveggen på det freda naustet i Raffelneset industriområde på Hareid skal inn i Ishavsmuseet i Brandal.

Dermed har den kronglete fredingsferda for naustet funne ei løysing.

Dei siste åra har kommunen prøvt å få til ei flytting ut av industriområdet og lenger inn i Overåstranda.

Men då denne flyttinga ikkje lykkast - og naustet berre forfell meir og meir - vart Ishavsmuseet berginga.

Håvard Hatløy ved Herøy kystmuseum skal registrere, teikne og plukke ned naustveggen og flytte han inn i båthuset ved Ishavsmuseet der han skal dekorere ein vegg.

Flyttinga skal skje i juni - og i løpet av sommaren reknar partane med at naustet på Raffelneset er borte.

I fagomtalen av naustet heiter det at det er først og fremst båtbordkledninga, grindkonstruksjonen og tørrmuren i endegavlen som er interessante. Men aller mest interessant er båtbordkledninga, særleg fordi veggen truleg er kledd med det som var den siste ottringen i kommunen.

- Men der er fleire hol i veggen. Let han seg restaurere fullt og heilt?

Vi spør museumsstyrar Webjørn Landmark.

- Ja, der er nokre hol, men alle borda er intakte og framleis i god stand. Eigentleg såg vi ikkje dette som ei naturleg oppgåve for oss, men så kom vi på at veggen kunne få ein plass i båthuset vårt som ein del av utstillinga der. Vi har alt fire båtar der - og eg ser for meg at båtbordveggen kan bli ein fin del av ei komande utstilling, seier Landmark.

Både kommunestyret og fylkeskonservatoren har gitt grønt lys til løysinga. Når verken Sunnmøre Museum eller Hareid kommune hadde plass, vart løysinga med Ishavsmuseet ein lykkeleg ende.

Kva som skal skje med grindane og tørrmuren i endegavlen blir opp til kommunen å avgjere. Dei er ikkje ein del av flyttelasset.