Overrekkinga skjedde under ei samling på Volda Turisthotell.

Pengesummen er den andre frå Rotary-klubbane i Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Ulstein, Stranda, Sykkylven, Giske og Stryn - i tillegg til Inner Wheel, Volda.

I fjor samla dei inn 170.000,-.

Engelskmannen David Wallwork sette i gang dette utdanningsprosjektet i 2006 - i det som har vore det fattigaste av alle fattige land i verda - Sierra Leone. David har sjølv vore rotaryanar sidan 22-23-årsalderen. Klubben hans, Ramsey, har vore Volda Rotary sin venskapsklubb i 40 år - og her er altså linken til at så mange sunnmøringar er blitt dregne inn i prosjektet.

Då David trekte seg tilbake frå yrkeslivet i 2005, jobba han som kjemikar på ein klinikk i Sierra Leone. Han  festa då augene på eit avsides landområde 46 engelske mil frå hovudstaden Freetown og bestemte seg for å bygge ein skule der.

Området heiter eigentleg Magwandoma, men David og andre europearar “døypte det om” til Mile 46 fordi det står “46 miles” på eit vegskilt dit - i Freetown.

The David School opna i 2008. I første omgang gav skulen plass til berre barneskule-elevar, men etter kvart som desse har vakse til, har det vorte behov for ein ungdomsskule også. Så no er skulen i ferd med å utvide frå dagens 8 klasserom til tre nye i eit påbygg.

I den norske prosjektgruppa for The David School har voldingane Per Helge Jøsok, Kjell Høydal og Harald Indresøvde vore med - i tillegg til hjørungavågaren John Stennes.

Fleire av dei har gjesta skulen i Sierra Leone - og denne vinteren og våren har dei informert om prosjektet i det heimlege rotarylandskapet, slik at det vart muleg å sende av garde endå ein sjekk.

- Det gjer “massiv difference”

- Hugs at Sierra Leone er eit land der 25 prosent døyr før dei når skulealder, seier David Wallwork til Vikebladet Vestposten. - Dette prosjektet gjer ein “massiv difference”, slår han fast.

Gjennom FN sitt World Food Program får elevane på skulen også gratis mat. Og gjennom dette programmet har dei også fått reint vatn.

Rotary-initiativet har også gitt skulen elektrisk straum ved hjelp av solcellepanel, slik at der også kan foregå vaksenopplæring på kveldstid. Sjølve landsbysjefen lærte seg engelsk “på no time” etter å teke eit slikt kveldskurs.

Utdanning endrar liv

The David School har i dag 300 elevar og lever etter mottoet  “Education changes lives”. Undervisninga er gratis og der er ni utdanna, lokale lærarar. Undervisninga foregår på engelsk, som er det offisielle språket i landet.

Modell-skule

- Det har vore så velykka, fortel David, - at skulen det er blitt ein modell for framtidig utvikling også i andre land.

Til slutt forsikrar David at pengane går til det dei skal, uavkorta. Ingen utanforståande forsyner seg.  Dei går direkte til føremålet.

Dei som vil lese meir om dette prosjektet, kan anten gå inn på heimesida til Volda Rotary  (volda.rotary.no) eller direkte til skulen si engelskspråklege heimeside (thedavidschool.co.uk).

Under tysdagsmøtet i Volda orienterte Harald Indresøvde  om utviklinga av The David School.