Dei fire siste åra har Stifinga Sunnmøre Museum fått eit årleg kronebeløp får Herøy kommune i form av driftstilskot. Museet har med andre ord ikkje fått noko kompenasasjon for pris- og lønsauke. Det skriv avisa Vestlandsnytt fredag. Det er styreleiar Ragna Dahl Grønnevet som etterspørjer dette i eit skriv til kommunen sin rådmann, Erlend Krumsvik. Stiftinga Søre Sunnmøre Museum er ei samanslutting av musea på Sunnmøre, der Herøy Kystmuseeum er ei av tolv museumseiningar som SSM har driftsansvaret for. Vidare skriv Vestlandsnytt at i brevet til herøyrådmannen, viser styreleiar Dahl Grønnevet til at SSM mottek årlege driftstilskot frå stat, fylkeskommune og frå kommunar i regionen. Dei statlege og dei fylkeskommunale tilskota til drift blir indeksregulerte kvart år, og aukar dermed i tråd med den generelle pris- og kostnadauken i samfunnet elles. Tilskotet frå Herøy kommune har imidlertid ikkje vore indeksregulert sidan 2010, og dette håper Dahl Grønnevet at kommunen vil rette på frå og med neste driftsår.