Venstre-representant i Hareid kommunestyre Lars Erling Hovlid flyttar til Ulstein, og kan dermed ikkje lenger inneha politiske verv i Hareid.

Rådmannen i Hareid innstiller derfor på at Ann Helen Grimstad Worren blir ny fast representant for Venstre i Hareid kommunestyre, medan dei andre vararepresentantane til partiet rykker eit hakk opp på denne lista.

Ny 6. varamedlem for Venstre i Hareid kommunestyre blir Synnev Skarbakk.Lars Erling Hovlid sit i dag som medlem av både kommunestyret og levekårsutvalet - i tillegg til at han har vore varamedlem til formannskapet.Når det gjeld ny medlem i levekårsutvalet og ny varamedlem til formannskapet er det partiet sjølv som må utnemne denne personen.