Cecilie Hatløy, som driv Lykkeliten Studio i Ulsteinvik, konkurrerte med 182 fotografar og 720 innsende bilete frå heile landet.

Under konkurransen, som er i regi av Norges Fotografforbund, vart det delt ut 5 gull, 15 sølv, 14 bronse og 284 heiderlege omtalar.

Konkurransen er open for alle medlemene i Fotografforbundet, pluss andre yrkesutøvande fotografar.

Det er den største fotokonkurransen i Norge.