Dei tre elevane Jon-Kåre Haddal Våge, Simen Notøy Brandal og Jonas Flø frå Ulsteinvik har dei siste vekene hatt ei praksisutplassering litt utanom det vanlege.

I samarbeid med utdanningsordninga Erasmus+ tilbyr nemleg skulen dei går på, Ørsta vidaregåande skule, tre vekers utplassering ved ei verksemd i Spania.

Det er ikkje alle elevane som får høve til å gjennomføre dette.

– Det er ei rekkje kriteria som må oppfyllast for å få lov til å reise, mellom anna må du kunne syne til god oppførsel, arbeidsiver og minst mogleg udokumentert fråvære, forklarer Jon-Kåre Haddal Våge.

Jon-Kåre og klassekamerat Simen Notøy Brandal er utplassert i byggebransjen, medan Jonas Flø er utplassert på ein bilverkstad

Jon-Kåre fortel at dei måtte skrive søknad der dei grunngav kvifor dei ville reise, kvifor nettopp dei skulle få lov til å dra, kva aktivitetar dei var interesserte i å drive med under opphaldet og så bortetter

– Vi måtte også gjennom ein intervjurunde der vi måtte svare på mange ulike spørsmål, seier han.

Plassen dei held til på, Villa Romantica(!),  ligg i Alfaz del Pil i Alicante.

– Å jobbe i 26 varmegrader i staden for 6 grader er litt av ein overgang, fortel Jon-Kåre.

Simen og Jon-Kåre har vore med på to større jobbar.

– Den eine var å tette ein lekkasje i eit tak, medan den andre gjekk ut på å pusse mur støype platting. No er vi i gang med å bygge tak over ein grillplass, fortel dei to byggelevane.

Jonas Flø derimot, jobbar inne på ein bilverkstad,

– Her skrur eg bil, bil og meir bil, ler han og fortel at han trivst veldig godt.

– Arbeidskollegaene mine er kjekke og flinke, og lærer vekk mykje god kunnskap til meg.

Det vert også ein del fritid.

– Når vi har fri plar vi oppsøke ulike kulturelle stadar, går ut for å ete, eller ligg ved bassengkanten heime på Villa Romantica, fortel Jon-Kåre.

Elevane har også nokre obligatoriske utflukter.

– Første dagen vi var her gjekk vi til eit fyrtårn og hadde utsikt rett ut i havgapet, og snudde vi oss hadde panoramautsikt over byen.

Vi har også vore oppe i ein fjellandsby med fin utsikt og høge fjell, og vi ha prøvd å bade i ein elvekulp. Det var ei fantastisk oppleving, avrundar Jon-Kåre Haddal Våge.