Hareidsordførar Anders Riise (H) trur ikkje det ender med tvangssamanslåing av Ulstein og Hareid. Han meiner det berre er snakk om spekulasjonar frå Aftenposten.
– Eg legg til grunn at Stortinget baserer på at dette skal vere frivillig. Det vart sagt frå starten at kommunesamanslåing skal vere basert på frivilligheit, og då reknar eg med dei avsluttar på det viset også, seier Riise.
Det er berre unntaksvis det skal nyttast tvang, som om ein kommune blokkerer for ei større kommunesamanslåing. Riise kan ikkje sjå at Ulstein og Hareid er i denne kategorien.
– Så du går ikkje rundt og håpar på tvang?
– Nei, svarer Riise diplomatisk, som helst hadde sett at Hareid vart del av noko større.