Landbruksmeldinga blei lagt fram fredag, og i den kjem det fram at regjeringa vil gjere ei rekkje grep. Dei vil mellom anna halde på Tine som marknadsregulator for mjølkeproduksjon. Nortura vil framleis vere marknadsregulator innan kjøtproduksjon.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) og hans departement vil også avvikle ordning som er der i dag for marknadsregulering av korn og egg. Ønsket er også å redusere talet på regionar for mjølkeproduksjon frå 19 til 10.

Skjerpa klimatiltak

Dale vil også ha vekk målprisen og volummodellen for svinekjøt, som vil gi ei lik ordning for svinekjøtt som for andre kjøtslag.

I Landbruksmeldinga kjem det også fram at regjeringa ønskjer skjera klimatiltak innan jordbruket, samt å fjerne 15-prosentmålet for økologisk omsetning og produksjon.

– I dag har vi betydeleg større produksjon enn det som faktisk blir omsett. Forbrukartrendane trekkjer i retning av økologiske produkt, men det er ingen idé å oppretthalde eit mål som fører til auka matsvinn, seier Dale til NTB.