Arbeidsløysa i Hareid i april månad var på 4,1 prosent. Berre to kommunar i fylket hadde høgare tal: Stordal (5,5 %) og Nesset (4,6 %). Talet på ledige i Hareid auka med 21 den siste månaden - og i løpet av det siste året har kommunen fått 52 fleire ledige. Dette skjer i ein periode av året då det vanlegvis er ein nedgang i arbeidsløysetala. I kommunane elles på søre Sunnmøre er arbeidsløyseprosenten enno svært låg: Sande: 1,2 % Volda 1,4 % Ulstein 1,5 % Vanylven 1,6 % Ørsta 2,1 % Herøy 2,2 % Av desse hadde Herøy, Volda og Sande ein liten nedgang i arbeidsløysa siste månad. Nav skriv at industriproduksjonen i landet vart redusert med 3 prosent i perioden desember 2008 - februar 2009. Statistisk Sentralbyrå sitt konjunkturbarometer indikerer at nedgangen vil halde fram dei neste månadene. Det betyr at vi truleg må bu oss på endå fleire ledige enn i dag. For kommunane betyr dette samtidig nedgang i skatteinntekter.