Sjur Sæter, som i dag har ei kombinasjonsstilling som sokneprest i Sande i den eine halvdelen og ei stilling som vikarprest i prostiet i den andre halvdelen, skal ta over som sokneprest i Vanylven og Åram sokn. Han vert innsett 11. januar. Sæter har fått dispensasjon frå oppseiingstida si i Sande for å avhjelpe den prekære prestemangelen i Vanylven, der ein er utan prest i begge stillingane etter at sokneprest Breivik i Rovde og Syvde sokn slutta nyleg. Det er heller ikkje avgjort korleis ein skal lyse ut den ledige stillinga i Sande. Til å avvikle jula i Vanylven og Sande er det gjort avtale med Sjur Sæter om at han skal ta seg av gudstenestene i Vanylven, medan tidlegare prost i indre Romsdal, Svein Olav Nilsen, skal ta seg av jula i Sande sokn.