Om han tok seg ein sein ettermiddagsdupp eller om han hadde trong om å gå tidleg til køys er uvisst. Politiet rykte i alle høve ut like etter kl. 18.00 onsdag for å ta hand om ein sovande mann ved Røde Kors-huset i Ulsteinvik sentrum. Det som var litt uvanleg var at mannen sov ståande, då rett nok lent mot ein lyktestolpe. Den noko ukomfortable sovestillinga har nok gjort sitt til at svevnen ikkje vart vidare langvarig, for då politiet kom var mannen borte. Litt seinare på kvelden måtte politiet ta hand om ein rusa mann som vart vel brysam for naboane sine. Mannen kom mellom anna med truslar. Politiet tok han med til arresten i Ålesund og den brysame mannen må svare for handlingane sine i avhøyr i morgon, fredag. Litt før kl. 03.00 natt til torsdag vart det meldt om slåsskamp ved ein utestad i Ulsteinvik. Då politiet kom til hadde kamphanane gått kvar til sitt, men i følgje politiet sin operasjonssentral hadde det blitt tildelt både ein og to blåauge før den tid.
Nyhende →
Trøytt type førte til utrykning
Ein mann som stod og sov, lent mot ein lyktestolpe i Ulsteinvik, forårsaka politiutrykning onsdag ettermiddag.