Kursdagen er retta mot tiltak/behandling av tilknytingsforstyrringar, og er oppfyljingsdag på kurset vi arrangerte 17 november-08. Sjølv om ein ikkje deltok på den første kursdagen, kan ein likevel ha godt utbytte av dette kurset. Kurset er mellom anna retta mot adoptiv- og fosterforeldre, personale i barnehage og skule, PPT, BUP, barnevern, helsestasjon, legar, barnehabilitering, kommunal psykiatriteneste og poliklinikkar. Kurshaldar er Joachim Haarklou som er spesialist i klinisk psykologi, med fordjupingsområde barne- og ungdomspsykologi. Han er ein erfaren foredragshaldar og har halde over 250 foredrag i skular og barnehagar i ulike tema om barn og ungdom. Haarklou har til dagleg psykologpraksis ved Hisøy Psykologsenter i Arendal. - Adoptiv-, fosterbarn og andre barn kan ha ulik grad av samspelvanskar overfor både vaksne og barn. Haarklou seier at skifte av nære omsorgspersonar kan opplevast som avvisning av mange av desse borna. Det medfører at dei då vil gjenskape avvising i nye sosiale relasjonar. Forståing for barnets vanske vil vere grunnlag for korleis ein som vaksen møter og meistrar samspel med desse borna. På kursdagen vil Haarklou snakke om ulike tilknytingsfremjande aktivitetar som er viktige for å gjenopprette godt samspel og gode, trygge relasjonar mellom barn og omsorgspersonar. Han vil og snakke om ulike tilknytningsfremjande hjelpemiddel, heiter det i pressemeldinga. - Vi fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane på den første kursdagen med Haarklou. Han har òg gode tilbakemeldingar på kurs andre stadar i landet både frå foreldre og fagpersonar. Kurset er godkjent i spesialitetane Allmennmedisin og Norsk psykologforening, heiter det i pressemeldinga frå arrangøren