Langtidsvarselet til Meteorologisk Institutt har stort sett opphaldsvêr med enkelte regnbyger heilt fram til 11. juli. Medan Storm Weather sine prognosar er fuktigare og liknar meir eit normalt julivêr. Også sprengvarmen ser ut til å la vente på seg.

1/3 av normalnedbør i juni

Med sluttstrek for juni månad kan vi konstatere at dei sentrale målestasjonane på Sunnmøre kom ut med om lag 1/3 av normal nedbør. Fiskåbygd målte 32,3 mm (normalt: 95,0 mm) – Vigra målte 22,4 mm (normalt: 65,0 mm) og Tafjord målte 17,7 mm (normalt: 41,0 mm).

Dette kjem i tillegg til at også mai månad var mykje tørrare enn normalt. T. d. målte Fiskå 42,7 mm nedbør i mai, mot normalt 85 mm.

Temperatur som normalt

Eit framherskande nordleg vindfelt gjorde juni til ein relativt kjølig månad trass i mykje blå himmel. Men dei fleste stasjonen kom likevel ut med eit middeltemperatur litt over normalen. Tafjord hadde + 13,4 (N: + 12,7) - Ørsta/Volda hadde + 12,5 (N: + 11,8) –– Fiskåbygd + 12,1 (N: + 11,7) og Vigra hadde + 11,0 (N: + 11,0).

Svinøya ute i havet var den einaste stasjonen der middeltemperaturen kom under normalen: + 9,7 grader mot + 10,1 som normalt.