Lokallaga til avtalepartia i Ulstein er godt fornøgde med innhaldet i avtalen, og meiner dette vil gjere det lettare å få gjennomført kommunereforma.

Regjeringspartia og Venstre har blitt samde om å halde på retninga i regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem, men er i tillegg einige om å forsterke dei positive incentiva ved å bruke meir gulrot enn pisk.

Dagens system straffar kommuner som slår seg saman ved å ta frå dei inndelingstilskota (basistilskot). Dette ønsker samarbeidspartia å endre slik at det skal lønne seg å lage større og meir robuste kommuner.

I kortheit går det ut på at ein held fast på forslaget om at dagens basistilskot, som i hovudsak skal dekke administrasjonskostnadene, i større grad skal fordelast etter folketall og ikkje pr. kommune.

Det betyr at kommuner i tettbygde strøk, og som sjølv vel å vere små, vil få mindre overføringar. Likeeins er ein einige om at det i framtida ikkje skal vere nok å ha få innbyggarar (under 3200) for å få utbetalt småkommunetilskotet, ein må i tillegg ha reelle distriktsutfordringar som til dømes demografi, næringsutvikling og så vidare. På denne måten sikrar ein at meir pengar skal kunne gå til velferdstenester i staden for administrasjon.

I avtalen med Venstre har regjeringspartia likevel gått med på å redusere effekten ved å sikre at alle kommuner vil motta minst 50% av dagens basistilskot. Det betyr at både tap og gevinst i forhold til regjeringa sitt framlegg vert halvert.

- For Ulstein vil dette bety at ein vil miste 3,5 millionar i staden for 7 millionar dersom ein blir ståande åleine. Dette kan kome godt med dersom ein ikkje lukkast med å kome i mål med samanslåing med ei eller fleire av kommunene rundt oss, kommenterer Alf Johan Antonsen, (Frp.).

Avtalen er elles tydelig på at kommuner i heile landet skal ha mogeligheit til å tilby gode tenester til innbyggarane. Det vert difor gitt kompensasjon for ekstrautgifter for kommuner med spreidd busetting og store struktur-utfordringar.

- Avtalen inneheld også fleire gulrøter, som til dømes at større kommuner skal kunne overta fleire oppgåver, og at arbeidet  med å lokalisere nye og eksisterande statlege arbeidsplassar i distrikta skal forsterkast. Dette vil kunne gje regionen fleire nye arbeidsplassar og eit breiare arbeidsliv, noko som vil gjere oss mindre sårbare», kommenterer Pål Grødahl (V).

I avtalen er det også slått fast at kommuner som slår seg saman skal kunne søke om midlar til infrastrukturtiltak. For 2016 har denne posten vore 50 millionar men dette skal forsterkast i 2017.

- Her kan det vere ei kjempemoglegheit for å gjere noke med gangvegane våre, og kanskje få på plass midlar til å fornye Dragsundbrua» seier Tor Meinseth (H) nøgd, som aller helst skulle sett at HAFAST kunne vere ein del av dette.

- Det er også gledeleg at ein har blitt einige om å løyve 200 millionar ekstra som skal gå til tilskot til samanslåtte kommuner som blir eit tyngdedpunkt i ein region. Dette skal omfatte kommuner med 9.000-10.000 og større. Her ligg det ei kjempegulrot og er heilt i tråd med det vi har spelt inn til Helge Andre Njåstad tidlegare,  seier Alf Johan Antonsen

Venstre skal saman med regjeringspartia framover jobbe med å konkretisere detaljane i avtalen.

- Vi er glade for at Venstre har lagt til rette for å få på plass ei avklaring om inntektssystemet i god tid før innbyggarane skal gå til valurnene» seier Alf Johan Antonsen (Frp), Tor Meinseth (H) og Pål Grødahl (V).