Selfangstskuta «Polarstar» har vore under restaurering ved eit verft i Polen sidan 20013. Sommaren 2017 skal ho vere tilbake på Hareid.

Dette opplyste Willy Nesset under Ishavskvelden i Brandal fredag.

Nesset, som er tidlegare styreleiar for Ishavsmuseet, driv eit skipsverft i Stettin, og det er der Polarstar no blir restaurert.

– Jobben blir gjort i nært samarbeid med blant andre Riksantikvaren og Skipskontrollen. No er om lag 70 prosent av arbeidet utført, alt over vassflata er ferdig. Det som står for tur er innreiinga, som skal førast tilbake til 1960-talet.

Skal ha alle papir godkjende

Planen er altså at Polarstar skal kome siglande inn til Ishavsmuseet neste sommar. Då skal alle papir vere i orden.

– Slik at skuta kan gå der ho vil, når ho vil, sa Nesset.

Medlemsbladet Isflaket har i kvart nummer stoff om korleis restaureringsarbeidet skrid fram.