Ifølgje meldinga som blei lagt ut klokka 04.07 rykte redningsskøyta Idar Ulstein ut til dei to båtane.

Problemet skal ha vore at begge mangla framdrift. Den eine båten slepte den andre.

Tre personar var involvert totalt.

Redningsleiar Andreas Ingsøy fortel til Sunnmørsposten at den eine båten sokk då den kom til kai.

– Den andre båten ligg fortøydd, fortel Ingsøy.

Her var det snakk om ein båt som slepte den andre. Så fekk den som slepte framdriftsproblem. Hovudredningssentralen sendte ut redningsskøyta, og rett før klokka 5 fekk båtane assistanse.

Redningsskøyta Idar Ulstein fekk båtane inn til kai ved Haugsbygda. Hendinga der fritidsbåtane fekk problem var ca. 3 nautiske mil frå land.

Ingsøy vil gi skryt til redningsskøyta som hjelpte dei tre personane og båtane.

– Dei kom raskt til staden og gjorde ein god jobb, seier han. Veret var bra i området.

Ingen personar er skadd, men dei tre måtte gjennom ein sjekk då dei kom til land.