Trivst som sportssjef: Jesper Törnqvist hadde ikkje sett føre seg å hamne i Ulsteinvik då han vaks opp i Finland. Etter spelarkarrieren, der dei siste sesongane fann stad i Hødd, har han hatt ulike roller i klubben. No er han sportssjef, og har det øvste ansvaret for meir enn 450 aktive fotballspelarar. Bak han til venstre ser ein eit bilde av laget som sensasjonelt vann cupfinalen i 2012 – berre nokre månadar før han kom til klubben. Bak han til høgre ser ein eit måleri av scoringa til Espen Standal, i Europaliga-kampen mot Aktobe på Høddvoll, då Jesper var komen til klubben. Returoppgjeret mot Aktobe i Kasakhstan er noko av det han hugsar best frå ein lang og innhaldsrik fotballkarriere.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.