Ottar Kaldhol meinte det har spreitt seg ei oppfatning av at dei er eit eldreråd, men han minne om at dei også er råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Og for å markere at dei ikkje berre driv med eldrepolitikk hadde han laga eit anna framlegg til vedtak enn det rådmannen la fram i saka om samlokalisering av Snoezelen i Holsekerdalen 24.

Fellesrådet starta møtet sitt med ei synfaring på Snoezelen på Ulstein kompetansesenter på Reiten, der dei fekk omvising av inspektør Mali Åm. Medlemane i fellesrådet vart storleg imponerte over det dei fekk sjå og høyre. Dei syntest det er synd at ikkje fleire får bruke dette tilbodet, særleg førskuleborn ville dei tru hadde hatt nytte av dette. Dei spurte Åm om der er kapasitet til å ta imot fleire. – Det skal ikkje vere problem å utvide og selje tenester, svara ho. No er det fire tilsette som underviser elevar der. Før sommaren var dei fleire, men så kom det varsel om omlegging og fleire fekk jobb andre stader. Men det er fullt mogleg å auke kompetansen og bemanne opp igjen om det er ønskeleg. Ho fortalde også at dei har hatt god erfaring i sinnemeistring for born på Snoezelen. Men no er det ingen som får dette tilbodet.

Fargane er sentrale på Snoezelen på Reiten. Fargane og møbleringa verkar inn på ulike sansar.

Fellesrådet var også på ein omvising i Holsekerdalen 24, men der fekk ikkje lokalavisa vere med inn. Grunnen var at der var ein brukar. Det heldt ikkje å leggje att kameraet ute.

– Slutt på segregering

Tilbake på rådhuset fekk leiar i PPT, Ingrid Evebø Haug, orientere om kvifor dei har slutta å tilrå Snoezelen til born. Ho fortalde om utviklinga i spesialpedagogikken. Tidlegare sende ein born med spesielle behov bort, noko ein heldigvis har gått bort frå. Borna med spesielle behov har i stadig større grad blitt innlemma i fellesskapen på skulen. No er det inkludering som gjeld. – Målet er inkludering, der ein høyrer til i fellesskapen, sa Haug.

Ho vart spurt om ho har fått føringar frå Ulstein kommune om at PPT ikkje skal tilrå Snoezelen, men det sa ho at ikkje er tilfellet. Ho forheld seg til forsking og nasjonale føringar. Læraren skal ikkje undervise ei gruppe, men kvar elev. I staden for å ta elevar ut av undervisninga skal undervisninga leggjast til rette for kvar elev. PPT tilrår ikkje noko ordinært tilbod utanfor skulen. – I staden for å tilrå noko ute, tilrår me to-lærarsituasjon, sa ho og meiner den beste læringa skjer i fellesskap. Eleven går glipp av læring om han/ho blir tatt ut av klassen, sa ho.

Kaldhol spurte om det er tenkt at det skal etablerast Snoezelen-avdelingar på kvar skule. Nei, det er ikkje planen. Læringsmåla kan ein trene opp på anna vis. Ein kan trene balanse i ein gymsal eller på uteområdet til skulen. Kaldhol sa han hadde vanskeleg så sjå for seg korleis eit multihandikapa barn skal trene balanse i skogen ved Hasund skule.

– Dette kan ikkje gjennomførast med dei stillingane som er i skulen i dag. Skulane har ikkje økonomi til å få til dette i dag. Eg synest PPT kan vere meir jordnære, sa Roar Øvrebøe. Men PPT-leiaren svara at tilrådingane ikkje har noko med økonomi å gjere.

Karin Ertesvåg meinte dette er eit tilbod også førskuleborn bør få. Ho minna om at det er ikkje alle som lærer best i fellesskap. Det må noko segregering til for å hjelpe dei svakast.

Men Haug og oppvekstsjef Gry Nordal hadde tru på å få kompetansen ut i skule og barnehage. Så kan dei som vil nytte Snoezelen utanom skuletida.

PPT: Leiar i PPT, Ingrid Evebø, sa at dei i PPT ikkje vil tilrå spesialpedagogisk undervisninga der ein tar eleven vekk frå skulen. Difor tilrår dei ikkje bruk av Snoezelen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
klar: – Eg har jobba med born gjennom mange år. Det eg fekk sjå på Ulstein kompetansesenter imponerte meg, dette tilbodet må me ta vare på. Det er viktig for dei som får det, sa Inger Marie Kleiven. Foto: Ingvild Aursøy Måseide