Administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, ser no fleire positive teikn i tida for regionen – men også for lokalbanken. Vegen dit har derimot ikkje vore enkel.

– Eg kom inn som administrerande direktør for om lag to år sidan, og det som prega oss hausten 2016 var svak soliditet, og at banken hadde hatt ganske store tap over mange år. I tillegg kom opptrappinga etter finanskrisa, med eit nytt regelsett for oppkapitalisering av bankane. Kjernekapitalen vår var for låg. Vi fekk totalt sett eit bilde i 2016 av at vi var nøydde til å auke kapitalen vår vesentleg, seier Brautaset og legg til:

– Dette blei klart i ein periode då oljenedturen kanskje var på sitt verste. Vi sat også med eigarskap i fleire eigedommar og hotell, og vi hadde behov for av- og nedskrivingar. Alt dette trekte kapitalen ned, ikkje opp. Vi såg også at vi hadde for mange årsverk i verksemda, samstundes som vi hadde behov for å gjere tilsetjingar.

Med ei generell fornying og utvikling av bank-Norge, måtte også Sparebank 1 Søre Sunnmøre tenkje nytt. Dette gjaldt også dei tilsette.

– Vi såg det var behov for ein annan type kompetanse. Det har sjølvsagt vore ein svært tøff prosess, men vi har samla sett kome styrka ut av dette, vil eg seie.

Banken har vore gjennom ein sluttpakke- og avtalerunde med resultat i at 18 tilsette er på veg ut. Samstundes er nye på plass, og fleire på veg inn.

Til dømes kjem brandølingen Veronica Kvalen Pilskog inn som info- og kommunikasjonsrådgjevar, medan voldingen Olaf Eskeland kjem inn som ny banksjef for økonomi og finans.

– Vi har hatt ein god prosess med dei tillitsvalde, og har kome fram til gode ordningar, seier Stig Brautaset.

Har snudd skuta på rett kurs

Skrur ein tida fram til august 2018 kunne Stig Brautaset og Sparebank 1 Søre Sunnmøre onsdag denne veka presentere eit halvårsresultat som viser ei solid utvikling for banken. Og det trass i dei tøffe prosessane lokalbanken har vore gjennom.

På vegen dit har eigedommar og hotell blitt seld, ein emisjon på 100 millionar kroner blei gjennomført i 2017, og soliditeten (eigenkapitalen) er der den skal vere.

Lokalbanken har no ein forvaltingskapital på heile 11,5 milliardar kroner. Første halvåret gav eit totalresultat før skatt på 62,4 millionar kroner, mot 39,1 millionar kroner i fjor på same tid. Innskotsveksten dei siste 12 månadane var på 340,8 millionar kroner. Med ein 12-månaders vekst i personmarknaden på 6,7 prosent, ein innskotsvekst i same perioden på 5,7 prosent og ei innskotsdekning på 81,5 prosent, klarer banken seg godt i ei tøff tid for regionen.

Og apropos regionen – administrerande direktør Stig Brautaset og regionbanksjef Lillian Breivik meiner det er gode utsikter for Søre Sunnmøre framover.

– Det er for tida ein gunstig valuta, låge renter, ein aukande oljepris, ein auke i investeringar og ein sterk eksportvekst. Alt ligg no til rette for at den tøffe situasjonen no vil snu for alvor, seier dei.