Anette Sivertstøl, smp.no:

På Utøya får ungdommane i AUF utfordre leiaren i Arbeidarpartiet (Ap) gjennom talar. Aurora Dimmen Bratli var ein av dei som fekk halde ein tale i den tradisjonsrike bakken fredagsmorgon. Der gjekk ho hardt ut mot Jonas Gahr Støre.

– Kjære kameratar, kjære Jonas. 1000 sosialdemokratar sit her i bakken i dag. 1000 sosialdemokratar som er klare for å drive valkamp for at akkurat du skal bli statsminister. Men Jonas, vi er ikkje sosialdemokratar fordi du er leiaren vår. Vi er sosialdemokratar fordi vi deler ein felles visjon om et samfunn tuftet på våre kjerneverdiar fridom, likskap, solidaritet, talte ho til ungdommane og til Jonas.

I talen framheva ho også at AUF ikkje vil at Ap skal gå i regjering med Kristeleg folkeparti (KrF). I talen trekk ho fram mellom anna abortlova og kontantstøtta, og at KrF ikkje fører ein politikk som er i tråd med det AUF meiner. Til Sunnmørsposten seier Bratli at det var viktig for AUF å seie si meining.

– Vi er ueinig i KrF sin politikk. Sidan vi er inne i eit valgår er det viktig at vi stiller krav til Jonas. Han har respekt for oss, forklarar ho.

Bratli fortel at ho har fått positive tilbakemeldingar på talen.

– Det er å gå hardt ut, men nokon må gjer det. Det var nødvendig å ta i år, seier ho.

Etter at ungdommane er ferdig å utfordre leiaren for Ap, skal leiaren svare på kritikken. Ifølge Bratli svarte Støre slik på kritikken:

– Ap vil delta i forhandlingar basert på vårt program og vår politikk. Arbeidarpartiet slår ring om abortlova og ekteskapslova. Vi skal fronte vårt syn på kontantstøtte. Eg er ueinig i ditt syn på KrF. Vi har hatt godt samarbeid med KrF i fleire saker, som til dømes utanrikspolitikk og bistandspolitikk. Vi har felles mål med KrF, nemleg å bytte ut Frp- og høgreregjeringa. I forhandlingane etter valet skal vi vere knallharde på vårt program.

Denne artikkelen vart først publisert på smp.no