Pinsemenigheten Filadelfia Ulsteinvik har vekse seg ut av lokala sine og planlegg nybygging i Bjørndalsvegen. Til dei nye lokala er ferdige, ønskjer dei å bruke lokala der Bunnpris tidlegare heldt til, og delar av andreetasjen, ved sidan av Pizzabakeren. Dei har søkt Ulstein kommune om bruksendring.
Filadelfia har stor aktivitet, og planlegg også å utvide tilbodet sitt når dei kjem i nye lokale. Kvar sundag har dei gudsteneste. Eit par-tre gonger i året har dei familiefestar, der det kan kome rundt 150 stk.
Dei har kveldsmøte 1–2 gonger i månaden med 50–70 personar. Kvar månad har dei ungdomstreff, der det kjem 15–50 stk.
Elles har dei møtehelger, bønnemøte, barnekor, Tentro- «konfirmant»-undervisning, lovsongs-korøvingar, styremøte og komitemøte.
I dei nye lokala ser dei for seg å starte med ulike tilbod for born og ungdom på dagtid etter skuletid. Dei ønskjer også å utvikle eit kafeteria-tilbod med enkel lønsj og enkel middag. Og laurdagar tenkjer dei starte opp «aktiv barneparkering», for handlande foreldre.