Ørstingen Bjørn Sørheim har vore medlem av Norsk astronomisk selskap sidan 1975, og fekk spesielt stor interesse for meteorar på 90-talet då han observerte ein stor meteor som la etter seg eit spor av røyk og laga ein merkeleg lyd. No jaktar han på informasjon om stjerneskotet som snart heile fylket fekk med seg morgonen 30. november.
Stjerneskot/UFO på Sunnmørskysten
Vil leite etter restar
Sørheim fortel at han med innhenta opplysningar vil leite etter restane etter meteoren, som truleg trefte Nordfjord eller dei sørlege delane av søre Sunnmøre.
– Eg ynskjer informasjon frå lokalmiljøet om aktuelle område å leite i. Det er svært små sjansar for å finne noko. Men mange observerte at meteoren kom ned ganske sakte, og då er sjansen stor for at delar av den har treft bakken og ligg heile, seier Sørheim.
Han legg til at det er vanskeleg å søkje etter restar på vinterstid, men at han til våren vil ta opp jakta etter eventuelle restar.
– Å gå ut i media etter opplysningar er ei heilt vanleg prosedyre for å innhente informasjon. Difor håpar eg at folk har informasjon å kome med, fortel Sørheim.
Einaste i Møre og Romsdal
Om lag 10 år etter at han observerte meteoren på 90-talet, fann Sørheim restar av ein meteoritt i Moss på Austlandet.
Med det han kjenner til, er han den einaste frå Møre og Romsdal som fram til i dag har funne restar av ein meteor.
No håpar han på at han finne den som truleg ligg i Nordfjord eller søre Sunnmøre. Sit du på informasjon som kan hjelpe Sørheim med å finne meteoren som kom ned 30. november, kan du kontakte Sørheim anten på mail eller telefon.
Mail sender du til e-postadressa meteor1@online.no, eller så kan du ringe Sørheim på telefon 700 69 156.