– Vi fekk eit etterlengta traseval i vår og med planleggingsmiddel til Hafast viser regjeringa gjennomføringsvilje. Det er eit heilt anna trykk, meiner ordførar Anders Riise i Hareid kommune.

Hafast er eitt av punkta han er svært positiv til i forslaget til statsbudsjett, og no håpar også Riise på at prosjektet kjem inn under nasjonal transportplan frå 2017.

Riise var også nøgd med auken i frie inntekter for Hareid kommune.

– Vi får ein realvekst i kommunen som gjer at vi kan halde driftsnivået. Kommunen får ein vekst på 4,1 prosent, noko som er 1,1 prosent meir enn signalisert.

Riise legg til at kommunen framleis må sjå på kva nye oppgåver som må løysast før ein kan vere heilt sikre på kor godt ein kjem ut.

Ordføraren set også pris på ein auke i tilskota til helsestasjonane.

– Hareid kommune er om lag ein promille av landet, så då får ein vel rundt 200.000 meir til helsestasjonen. Det er veldig positivt, meiner Riise.