Strandryddedagen 9. mai, er ein årleg miljøaksjon i regi av Hold Norge Rent, og dette er femte året Strandryddedagen blir arrangert. Privatpersonar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar deltek i sitt område for å rydde den vakre norske kystlinja. Søre Sunnmøre Reinhaldsverk inviterer i samarbeid med kommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid til ein lokal aksjon, og oppmodar alle om å ta del i miljødugnaden!

Marin forsøpling er eit alvorleg og hurtigveksande miljøproblem, og kvart år hamnar fleire millionar tonn med søppel i havet. Søppel som plast, sneipar, eingongsgrillar, tauverk, dekk og flasker øydelegg kysten og havbotnen, og millionar av sjødyr, fisk og fuglar døyr årleg av at dei set seg fast, kuttar seg opp eller et søppelet. Ved å rydde di lokale strand, bidreg du til å gjere norske strender reine og miljøvenlege - samstundes som du bidreg til å løyse eit globalt miljøproblem. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Finn fram kvardagshelten i deg, det nyttar!

Korleis kan eg bidra?

Sjølve Stranderyddedagen 2015 er 9. mai, men den lokale aksjonen pågår i veke 19 og 20. De kan hente sekkar og registreringsskjema på servicetorget i di kommune, eller på ein av SSR sine miljøstasjonar i Saunesmarka, på Eggesbønes eller Larsnes. De kan levere det innsamla avfallet vederlagsfritt på ein av SSR sine miljøstasjonar i opningstida om registreringsskjema er fylt ut (dette gir eit godt grunnlag for kunnskap om kva type avfall som blir funne på strendene, og det blir vidarerapportert til Hold Norge Rent). De nyttar sekkane til innsamling, men vi oppmodar til å sortere ut resirkulerbart materiale som plastemballasje, papp, metall og liknande når de kjem til miljøstasjonane for levering. Farlig avfall skal leverast som spesialavfall på miljøstasjonane.

- Gjer ryddeaksjonen til ei sosial samling, oppmodar kommunikasjonsansvarleg i SSR, Linn Urke Osnes, og legg til:

- Ta med god mat og drikke og legg opp til leik og moro i tillegg til sjølve ryddinga.

SSR oppmodar også folk til å sende bilete frå ryddeaksjonane til dei på e-post. (linn@reinhaldsverket.no).