Ulstein Kyrkje skriv fredag på sine facebook-sider at Jørgen Skogestad Kleiven har takka ja til stillinga som kapellan i Ulstein.

- Ulstein sokn fekk gladmelding frå personalavdelinga i Møre bispedøme, skriv dei.

Jørgen Skogestad Kleiven tek til i stillinga i august.

Skogestad Kleven er 26 år, går i dag på avsluttande praktikum ved Det teologiske Menighetsfakultet i Oslo, og er eventuelt klar for ordinasjon til sommaren.

Skogestad Kleven er frå Rømskog kommune, på grensa mellom Østfold og Akershus.