Tysdag har utvikla seg til å verte ein rimeleg fin dag på Hareidlandet og ifølgje vêrvarselet på Yr.no kan også onsdagen bli bra, men det er ikkje akkurat noko sommarvêr vi kan gle oss over. På langtidsvarselet melder nemleg yr.no om både nedbør og temmeleg låge temperaturar.

Det er spesielt laurdag og sundag det er venta nedbør, før det blir lettare vêr over helga. Men i langtidsperioden er det ikkje venta temperaturar på særleg meir enn 15 grader midt på dag.