På Runde på Sunnmøre har det vore eit gjentakande problem at uvitande turistar og turgåarar har forvilla seg ned i storljokolonien på øya. Kjell Mork Soot frå Norsk Ornitologisk Forening i Møre og Romsdal har sjølv vore vitne til dette.

– Fuglane gjekk til angrep og folk sprang og var redde. Det var ein som var så redd at han berre stod og veiva rundt med sekken sin som eit helikopter. Når dei spring rundt er det stor fare for at dei kan trakke på fugleungane som ligg der, seier Mork Soot til NRK. Han er oppgitt over situasjonen og etterlyser sperringar og betre informasjon.

Runde er ei kjent fugleøy og blir besøkt av veldig mange menneske kvart år. Spesielt på sommarstid.

Informasjon-plakatar i trykken

– Oppsynet på Runde er ikkje godt nok. Det burde vere tilsett folk der som passar på området. Folk går ikkje ned til kolonien med vilje, men berre går der dei trur dei skal gå, meiner Mork Soot.

No har Fylkesmannen fått beskjed og set i gang tiltak.

– Då vi fekk beskjeden, byrja vi å lage ein plakat og den er sendt til trykkjeriet. Så det tar vel ein dag eller to til før dei blir sett opp, fortel fagansvarleg i Fylkesmannens miljøvernavdeling, Ola Betten, til NRK.

I utgangspunktet er det ikkje ferdselsforbod i myrane der storjoen held til, men det er eit generelt krav om å vere varsam når ein ferdast i dette området. I skråninga ned mot sjøen der blant anna lundefuglen held til er det ferdselsforbod for menneske.