Veljarane skulle seie ja eller nei til denne utsegna: “Eg uttrykker min vilje til oppretting av ein uavhengig og suveren stat, Tamil Eelam, beståande av nord- og aust-territoriet på øya Sri Lanka, på basis av at tamilar på øya Sri Lanka utgjer ein særskild nasjon, har eit tradisjonelt heimland og har rett til sjølvråderett.” Om lag 99 prosent svarte ja. I ei pressemelding frå redaktøren av den norske fleirkulturelle avisa “Utrop” heitte det blant anna før valet at Tamiltigrane (LTTE) no var kraftig svekka og at det hadde vore ein tendens til å anta at kravet om sjølvråderett stammar berre frå Tamiltigrane - og at dersom LTTE vart borte, så ville også tamilane sitt ønskje om sjølvråderett bli borte. Avstemminga skulle bl. a. vise om dette var tilfelle. Frammøteprosenten av dei som hadde rett til å stemme var på om lag 80 prosent for heile Norge - eit imponerande tal når vi veit at mange måtte reise lange vegar for å få stemt. Det vart avgitt 5.633 stemmer. 5.574 stemmer var i favør av ein suveren tamilsk stat, medan 50 røysta i mot. 9 røyster vart forkasta. Om lag 7.000 norske tamilar hadde stemmerett. Her på Sunnmøre stemte tamilane ved Folkeuniversitetet for Midt-Norge i Spjelkavik. Avstemninga vart sett i gang av “Utrop”. Etter ein borgarkrig som har vart i meir enn 30 år er krigssituasjonen på Sri Lanka no svært tilspissa. Regjeringa synest å vere nær ein militær siger. For å kunne delta i avstemninga måtte ein vere over 18 år (eller fylle 18 år i løpet av året). Vidare var det eit krav å vere fødd på Sri Lanka og ha tamil som morsmål - og endeleg måtte ein vere barn av ein forelder eller foreldre som var fødde på Sri Lanka og hadde tamil som morsmål.
Nyhende →
99 prosent av norsktamilane stemte for suveren tamilsk stat
Tamilar over heile Norge gjekk til val søndag for å ta stilling til ein framtidig, suveren tamilsk stat nordaust på Sri Lanka. Heile 98,95 prosent ville opprette ein slik stat.