Europris i Ulsteinvik opna torsdag dørene til sin nye butikk ved Saunesosen. Butikken som var lokalisert ved Amfi-senteret blei for liten, men no er dei tilsette klare til å ta i mot endå fleire kundar i den nye butikken.

Tidlegare i veka fortalde Roar Dahlen at mellom anna plass i butikken og mengda parkeringsplassar var medverkande årsaker til flyttinga og i dag kunne han glede seg over å opne dørene for nye og gamle kundar i nytt lokale.

- Vi har fått veldig positive tilbakemeldingar frå kundane, som er svært trufaste, men vi får også ein del nye kundar. I løpet av formiddagen har det vore ein jamn straum innom og det aukar truleg utover dagen. Det brukar å gjere det, fortel Dahlen.

Dei som tok turen innom i dag kunne få med seg både is, kake og kaffi og Dahlen fortel at butikken sjølvsagt har nokre gode tilbod i høve opninga.

- Det har vore full klaff så langt, i fylgje Roar Dahlen, som trur det er positivt at opninga fall saman med Trebåtfestivalen som også trekk mykje folk til Ulsteinvik i desse dagar.

Torsdag opna Europris i Ulsteinvik opp dørene til sine nye lokale ved Saunesosen.