Tidlegare banksjef Beate Gjerde Mork skal etter 15 år ved kontoret i Ulsteinvik, over i ny utfordrande stilling i banken. Ho skal fortsette i Divisjon personmarknad og bidra til at banken fortset si gode utvikling her.  Beate overlèt stafettpinnen til Nina Holm Sundgot med stor ro.

– Eg er viss på at Nina vil gjere ein framifrå jobb som ny leiar av avdelinga og kundane eg er så glad i seier Beate smilande. Nina starta si karriere i Sparebanken Møre i avdeling Ulstein i 1986, og har hatt ulike jobbar i Sparebanken Møre, sist som kundeansvarleg næringsliv i Vestre region.

Betydelig kompetanse

- Eg gler meg til å ta fatt på jobben som leiar for personkundemarknaden i Ulsteinvik

- Eg likar godt å jobbe med kundar, og ser fram til nye utfordringar.  Alle rådgjevarane har gått gjennom krava for å bli autoriserte finansielle rådgjevarar. Det betyr at vi kan gi forståelege og kompetente råd basert på kundane sin eigen økonomiske situasjon. God rådgjeving og planlegging kan bidra til at den enkelte får meir ut av økonomien sin, seier Nina Holm Sundgot.