(SITAT) - Utdanningsforbundet Hareid handsama på styremøte 27. november ressurssituasjonen i oppvekstsektoren.

Styret ser alvorleg på dei økonomiske utfordringane Hareid kommune står overfor, og vil kome med våre synspunkt i saka.

Undervisningssektoren har sidan 2001 vore ein salderingspost i Hareid kommune, og smertegrensa for kva sektoren toler er overskriden, og fram til i dag har vi mista ca.16 årsverk. I denne perioden har elevtalet gått noko ned, men samstundes har spesialundervisninga auka vesentleg.

Ytterlegare nedskjeringar vil føre til at Hareid kommune bryt § 5 i undervisningslova, og dette er ein alvorleg situasjon. Sagt med andre ord: Hareid kommune kan ikkje drive skulane der lov og avtaleverk vert sett til sides.

Ut frå politiske signal så er oppvekstsektoren utpeika til å ta dei økonomiske belastningane med å få kommuneøkonomien på fote igjen. Dette synest vi er heilt urimeleg og ber om at så ikkje skjer under budsjetthandsaminga for 2013, sluttar Bjørn Overå i brevet.