Landmark, som i tillegg til å vere dagleg leiar for Ishavsmuseet Aarvak i  Brandal, er også redaktør for  polarmagasinet «Isflaket».

- Gitt etter for EU og ekstreme dyrevernarar

I siste nummer skriv Landmark i ein leiar at regjeringa Solberg har bomma, og at dei truleg har gitt etter for press frå EU og ekstreme dyrevernarar.

- Når dei kuttar all støtte til den tradisjonsrike  næringa, avviklar dei norsk selfangst. Det blir for vanskeleg å drive vidare.  Vi har ein unik selfangsttradisjon som med eit pennestrøk er i ferd med å bli lagd ned. Det som er minst like urovekkande er at regjeringa samstundes bidreg til å fjerne det store kompetansemiljøet på drift i arktiske strøk, skriv Landmark.

80% statsstøtte

I budsjettet for 2015 er heile støtta til norsk selfangst borte. I 2014 var støtta på 12 millionar kroner. Selfangstnæringa har siste åra vore driven med 80 prosent statsstøtte, og blir ho fjerna vil det få store konsekvensar.

Det er lite truverdig at det skal vere nasjonaløkonomiske grunnar  til å kutte all støtte til selfangst, i eit land som fløymer over av pengar, skriv Landmark, og viser til eit sitat som Arnfinn Karlsen, innehavar av Polargodt i Tjørvåg, har kome med.

- 50% støtte hadde gitt kreativitet

Karlsen meiner det hadde vore best om statsstøtta vart redusert til 50 prosent, og at det ville ha ført til meir kreativitet og utvikling av nye produkt.

- Produkt av sel er ein fantastisk ressurs. Ikkje noko anna måltid kan måle seg med ein perfekt steikt og saftig selbiff. På Ishavsmuseet har vi med jamne mellomrom selkjøt på menyen. Dette kan vere både til turistbussar, under polarkveldar og høgtidssame samankomstar. Dette er selkjøt i ulike former, men mest populær er nok stuerten si gryte med biffstrimlar av sel. «Omega 3 i brun saus», som ein tidlegare selfangar sa det, skriv Landmark.

Toppåret for norsk selfangst var 1925, då det vart fanga  400.000 sel. I 1970 var talet 163.000, og ti år etter var det kome ned i 60.000 sel. I 1990 var same talet 15.000 sel, og i 2014 vart det fanga knappe 12.000 sel.

Stort fødselsoverskot på sel

- Vår sterke oppmoding er at regjeringa gjeninnfører støtte til norsk selfangst.  Og den må vere stor nok til at både selfangarar, reiarlag og mottak kan overleve og føre dei rike tradisjonane vidare. Fødselsoverskotet av sel er enormt. Bestanden er i sterk auke, og årleg reknar ein med at det i Vestisen vert fødd om lag 80-90.000 sel. I 2014 fanga tre skuter 11.980 sel samla, opplyser Landmark.