Kvinna som vart meldt sakna tidlegare i kveld er funnen uskadd i ein privat bustad i Ulsteinvik. Politiet vurderte tidlegare å setje i gang leiteaksjon etter kvinna som er heimehøyrande i Ulstein.

Sunnmøre politidistrikt gjekk klokka 19.50 ut med ei oppmoding om å finne bilen som kvinna disponerte. Ei frivillig leitegruppe fann bilen i Ulsteinvik sentrum rundt 21.15 og det vart gjennomført søk i nærområdet der bilen vart funnen.