Statistisk Sentralbyrå har lagt ut ein statistikk som viser at 100-metersbeltet langs kysten blir stadig mindre tilgjengeleg for ålmenta. Men endringane skjer seinare no enn før på grunn  av strengare handheving av lova.

Nesten en tredjedel av arealet i Norge si strandsone er påvirka av menneskelege inngrep og blir dermed ikkje rekna som potensielt tilgjengeleg for ålmenta.

I perioden 2000-2015 vart 67.900 dekar strandsone gjort utilgjengeleg for ålmenta. Det tilsvarar 1,6 prosent av den totale strandsona – eller 9.500 fotballbaner.

I Møre og Romsdal er det Ålesund som har færrast potensielt tilgjengelege kvadratmeter i strandsona per innbyggar med 137,8 kvm.

Av landkommunane er Sula mest nedbygd og har 301,2 kvm per innbyggar medan Hareid er nest mest nedbygd med 411,4 kvm per innbyggar.På Ytre Søre Sunnmøre har Sande størst tilgjengeleg strandsoneareal med 1.928,3 kvm per innbyggar – følgt av Herøy (1.088,9) - Vanylven (1.053,7) - Ulstein (632,8) og Hareid (411,4).

Størst strandsoneareal per innbyggar i Møre og Romsdal har Smøla med 11.310,3 kvm. Deretter følgjer Aure (7.726,3) – Halsa (4.313,1) – Tingvoll (3.444,5) – Midsund (3.197,4) og Norddal (3.150,2).

BILDETEKST: