Dei fem Ytre Søre-kommunane Herøy, Ulstein, Hareid, Vanylven og Sande hadde ein auke i folketalet på 58 i 3. kvartal i år, viser tala frå Statistisk Sentralbyrå.

Men utan tilflyttingsoverskot frå utlandet ville folketalet ha gått ned, viser den same statistikken. Dei fem kommunane hadde nemleg eit innflyttingsoverskot frå utlandet på 102 personar i 3. kvartal.

Innflyttingsoverskotet var størst i Hareid med 41, dernest hadde Ulstein 30, Herøy 21, Sande 7 og Vanylven 3.

Statistisk Sentralbyrå melder at 5.205.400 personar var registrert som busette i Norge 1. oktober, og folketalet  voks dermed med 16.000 i 3. kvartal.

Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve er ikkje med i statistikken.