Det er det Ulstein kommune ønskjer å vite, når dei inviterer til idéverkstad på Quality Hotel Ulstein førstkomande tysdag, 19. april.

– Korleis Ulsteinvik utviklar seg, gjeld oss alle. Så mange som mogleg bør difor få ta del i prosessane med å styre utviklinga av tettstaden vår. Vi vil finne dei gode løysingane for morgondagens Ulsteinvik, skriv ordførar Knut Erik Engh i invitasjonen.

Ulstein kommune gjorde nyleg ei stor innbyggarundersøking der dei spurte om kva Ulstein kommune har lukkast med og kva ein ikkje har lukkast med.

Eit stort fleirtal peika nettopp på sentrumsutviklinga dei seinare åra som det Ulstein har lukkast aller best med. Det er nettopp sentrumsutviklinga, og korleis innbyggjarane i Ulstein vil det skal sjå ut i framtida, som blir tema under denne idéverkstaden.