Før ulsteinordførar Knut Erik Engh drog til Vestnes for å møte Fylkesmann og dei andre ordførarane på Sunnmøre fredagen, samla han Ulstein formannskap til møte for å få innspel frå dei på kva vegen vidare i kommunereformprosessen bør vere.
Forsamlinga var skuffa over det låge oppmøtet mellom innbyggjarane. Fleire tok til orde for at dei no ville diskutere resultatet i gruppene sine. Det sa også Knut Kleiven (Høgre), men han ville likevel ha med forsamlinga på å gjere eit vedtak der dei slår fast at Ulstein kommuen går vidare i kommunereformprosessen med tanke på å bli del av noko større.
Det var det berre han og Pål Grødahl (Venstre) som røysta for. Engh viste til at reformprosessen uansett går sin gang. Renathe Rossi-Kaldhol (Arbeidarpartiet) var oppteken av korleis Ulstein kommune blir oppfatta av andre. Det hjelp lite med fart om ein køyrer frå dei ein vil ha med seg.
Grødahl hadde også eit par forslag til vedtak som vart røysta ned. Han vil at Ulstein går vidare med reformarbeidet i lag med Sande, Vanylven og Hareid. I Sande og Vanylven var det fleirtal for å gå inn i Runde kommune. Eventuelt kan Ulstein prøve å slå seg saman med Hareid. Båe vedtaka vart som sagt røysta ned, men framlegget om Hareid fekk også røysta til Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet).
Ho meiner politikarane har fått så klare signal frå folket om at dette er noko mange ønskjer, så dette er noko dei bør arbeide vidare med.