(NPK-NTB): Når kommunane må betale meir normale renter på låna sine, kan mykje av velferdstilbodet ryke, fryktar sjeføkonom Petter Eilif de Lange i SpareBank 1 SMN.

Korrigert for pensjonsforpliktingar er den samla gjelda til kommunesektoren på til saman 370 milliardar kroner. Mange kommunar nyt i dag godt av lågare renter enn før finanskrisa, men dette vil fort endre seg dersom rentenivået kjem opp på eit meir normalt nivå, skriv Finansavisen.

For kommunane er det i så fall dårleg nytt. Dersom rentene skulle stige med 2,5 prosentpoeng, vil det bety årlege meirutgifter på over 9 milliardar kroner.

– Dette svarar til nesten 30.000 pleie- og omsorgsplassar, eller over 85.000 barnehageplassar. Vi snakkar om store beløp, seier de Lange.

Samla har norske kommunar ei brutto langsiktig gjeld på nesten 200 prosent av driftsinntektene. Netto lånegjeld ligg på 70 prosent. Nettogjeld per innbyggjar er dobla sidan 2003.

Gjeldsutviklinga er også ekstra bekymringsfull for mange kommunar, ettersom dei i realiteten har lånefinansiert drifta.

– Dette er i strid med retningslinjene og bidreg dessutan til at tenestetilbodet må kuttast kraftigare når rentenivået stig, seier sjeføkonomen