Endringane i den nedjusterte søknaden til SalMar Organics er ikkje mykje å rope hurra for, meiner ein gjeng som har engasjert seg mot planane for eit nytt oppdrettsanlegg i Brandal og ut over mot Kvitneset.

- Den nye søknaden er vel så dramatisk som den første. Det er sjenerande for folk som vil byggje bustad mellom Brandal og Kvitneset, og det er til sjenanse for dei som allereie har bygt bustad der, seier ein fast bestemt Einar Holm, og får støtte frå dei andre protestantane som tysdag ettermiddag samla seg til eit møte på Brandal.

For nært

Det har vore eit oppdrettsanlegg i området tidlegare. Dette gjekk seinare konkurs. Erfaringane med oppdrettsanlegg har vore dårlege for lokalsamfunnet.

Holm har tidlegare uttalt til lokalavisa at dei på ingen måte er negative til industri eller oppdrett, men at dette kjem såpass nær strandsona er eit problem.

- Det ligg altfor nært ei bygd som er i utvikling, forklarer han før Sigvald Brandal legg til at eit slikt anlegg så tett innpå bygda kan gjere staden mindre attraktiv for nye tilflyttarar.

Øydlegg fiskeplassar

Fritidsfiskar Roger Korsnes legg vekt på at anlegget vil stengje ute flotte fiskeplassar utanfor Englandsvika. Han er også overtydd om at fisken som går der blir av dårlegare kvalitet, og vil bli vans-keleg å omsetje.

- Mange øyde område

Ulempene ved å plassere eit anlegg så tett innpå ei bygd, er mange, meiner dei. Moment som frårøving av fiskeplassar, krenking av eigedomsrett, tap av naturområde og lyd- og lysforstyrring vert løfta fram som problem ved eit slikt anlegg.

Ei alternativ løysing som vart nemnd på møtet er å flytte anlegget til ein annan stad, der det er langt mindre busetnad.

- Det finst mange aude område som ein heller kan nytte seg av, kom dei fram til på møtet.

Protestantane argumenterer også for at anlegg i aukande grad bør verte plasserte nærare det opne havet, der dei kan drivast kontinuerleg utan periodisk brakklegging.

Ny drakt

Endringane i den nye dispensasjonssøknaden til Salmar fell altså ikkje i god jord hjå motstandarane av å leggje anlegget til Brandal.

- For meg verkar dette om gammal vin som er helt over i ei ny flaske. Derfor ønskjer vi å få vekk-regulert det heile, konstaterer Finn Sindre Eliassen i Hareid Historielag, saman med dei fem andre rundt bordet.

Sove i timen

Når  situasjonen har blitt slik den har blitt, meiner forsamlinga at både lokalsamfunnet og politikar-ane har seg sjølve å takke. Dei meiner det ikkje er til å stikke under stol at begge partar har sove i timen i denne saka.

- Når kommuneplanar skal leggjast fram, så er det lett å ikkje vere vaken. Vi har nok sove litt i timen vi også, vedgår dei.

- Samstundes saknar vi at politikarane står fram i denne saka og at dei kjem på bana. Vi veit vel ikkje heilt kva dei enkelte meiner. Eg har i alle fall ikkje sett noko om dette i noko partiprogram, seier Holm smått ironisk ut til forsamlinga.

Les også:

* - Berre kosmetikk

* - Både fordelar og ulemper