Sommararrangementet Opplev Hareid tjuvstarta – i år som i fjor – med ein fjelltur til Holstadhornet.

29. juni samlast om lag 70 personar på toppen. Dei fleste gjekk den annonserte ruta frå nordenden av kyrkjegarden nede i sentrum, via Rotarystien langs Hareidselva, på gangvegen vidare fram til Geilane – og opp derifrå på skogsvegen frå Grimstad - via Kaldalen.

Undervegs fortalde turleiar Leiv Arne Grimstad om ulike ting langs traseen, mellom anna:

- at Hareidselva vart senka nesten to meter i 1984,

- at Rotarystien er ein turveg i nesten 5,5 km lengde frå sjøen til Snipsøyrvatnet,

- at sanden på Raudesanden har fått fargen sin av jernutsig frå Hareidsmyrane,

- at den vesle holmen Verparen ute i Grimstadvatnet truleg har fått namnet fordi dei  før i tida brukte å kaste med not derifrå (verpa = kaste),

- at den eldste skriveforma for Grimstad er Grymstad og at grenda kan ha fått namn etter elva Grymma (som kan tyde ”den store / gromme”, ho heiter Storelva i dag),

- at det første vassverket i Hareidsdalen vart bygt i denne elva i 1955 og vart avløyst av Hammarstøylsvatnet på slutten av 60-talet,

- at botnen i Kaldalhola ligg sju meter lågare enn opninga og at hola går ca 12-13 meter innover i fjellet.

Opplesing

Under sansen ved holeopninga las turleiaren eit par avsnitt frå boka ”Den mystiske hola” av Ivar Grimstad, Boka bygger på ei segn om ein hund som fall ned i hola og aldri kom seg opp att. Han gjekk dermed vidare innover fjellet og kom hårlaus ut på Flø.

På toppen av Holstadhornet var det utlodding av ei rekke gåvekort som butikkane i Hareid hadde gitt. Det kan nemnast at eit årsabonnement på Vikebladet Vestposten tilfall ein mann frå Barstadvika. Han går no og spekulerer å kva han skal gjere med abonnementet.

Eldst på toppen var snart 82 år gamle Hermann Bakke. Den eitt år eldre Ernst Hovlid følgde flokken opp til Kaldalhola og snudde der.

Henta med helikopter

Under nedturen frå toppen kjende ein av dei kvinnelege deltakarane seg uvel. Allmenntilstanden tilsa tilkalling av hjelp. Etter konsultasjon med 113 kom der eit helikopter og henta henne inn til sjukehuset. Derifrå var meldinga nokre timar seinare etter at alt stod vel til og at ho var venta heim i løpet av kvelden.