På den nye gravplassen som er under opparbeiding i Hareid skal 15–20 graver vende mot Mekka.

Hareid får dermed det første muslimske gravfeltet på Søre Sunnmøre.

Kyrkjeverje Bjørg Vartdal Hareide opplyser at når Hareid først er i gang med ei storstilt utviding av gravplassen, er det naturleg også å setje av plass til ein del muslimske graver. Det er heilt i tråd med den nye Gravferdslova som trådde i kraft frå 1. januar i år, og som blant anna seier at det skal synast respekt for andre religionar.

Vanleg djupne

Eit rykte som har gått på Hareid seier at kommunen på det muslimske feltet må grave seg fem meter ned, men dette avviser kyrkjeverja:

– Dei muslimske gravene får heilt vanleg djupne. Einaste skilnaden frå dei andre gravene blir at i den muslimske delen vil gravene bli snudd nokre grader mot søraust, slik at den døde kan ligge med andletet mot Mekka, fortel Vartdal Hareide.

Tidlegare var det i Noreg tradisjon for å gravlegge den døde slik at han såg mot soloppgangen, og på den eldste delen av kyrkjegarden ligg gravene den vegen. Men dette er det no slutt på.

I kiste

Ifølgje muslimsk tradisjon skal den døde leggjast på sida, og altså med hovudet mot Mekka.

Muslimane har også tradisjon for gravlegging utan kiste, dei skal i staden ha eit klede rundt seg. Men i Noreg er det lovfesta krav om kiste.

Gravlegginga skal skje så rast som råd, helst i løpet av det første døgnet.

Den nye gravplassen får totalt ca. 300 kistegraver, pluss ein del urnegraver. Feltet skal etter planen stå ferdig i juni 2014. Den muslimske delen vil bli skilt frå den andre delen med ein hekk.

Tradisjon i endring

Vartdal Hareide opplyser at hittil har ingen muslimar blitt gravlagde på Hareid. Det har vore tradisjon for å gravlegge den døde i heimlandet. Men erfaringa frå storbyane i Noreg viser at yngre generasjonar muslimar i større grad blir gravlagde i Noreg. I Bergen vart det etablert eit muslimsk gravfelt i 1993, og i dag er ca. 30 muslimar gravlagde der.

Kyrkjeverja i Hareid har varsla dei andre kyrkjekontora på Søre Sunnmøre om at dersom det blir aktuelt, så har Hareid frå juni 2014 eit felt der muslimar kan gravleggjast i pakt med deira eigen tradisjon.