Frå hausten av vil Ulstein vidaregåande skule tilby eit eige opplegg for ungdom med minoritetsspråkleg bakgrunn.

– På tide, meiner rektor Margaret Alme.

– Vi har jobba lenge for å få til dette. Det har vore eit stort behov for det, og det er sjølvsagt gledeleg at vi endeleg får prøve det ut, seier rektor ved Ulstein vidaregåande skule, Margaret Alme.

Skuleåret 2014–2015 markerer ei ny epoke ved Ulstein vidaregåande skule, for då får skulen som den første i fylket, prøve ut det nye opplegget for minoritetsspråklege. Det har Utdanningsavdelinga i fylkeskommunen bestemt. Tilbodet vil få maksimalt 20 elevplassar, og både skuleplass, bøker og skyss vil vere gratis.

– Målet er at ein raskare skal kome seg opp på det faglege nivået ein vil trenge for å følgje eit ordinært utdanningsløp i vidaregåande skule. Enkelteleven taper på å ikkje kunne prate og skrive norsk godt nok, seier Alme.

Margaret Alme seier at dette vil bety mykje for Søre Sunnmøre.

– Vi er eigentleg litt seint ute som fylke med å prøve dette. No som vi endeleg får sjansen, så er det gledeleg å tenkje på kor viktig dette er for regionen vår. Samfunnet vi kjenner til hadde ikkje gått rundt utan arbeidsinnvandringa, og dei som flyttar hit må også kjenne til og kunne bruke språket vårt.

– Må samarbeide om framtida

Pilotprosjektet ved Ulstein vidaregåande skule er som sagt det første av sitt slag i Møre og Romsdal, og opplegget skal prøvast ut i eitt år.

– Dette er ikkje eit lovpålagt tilbod, men eit tilbod vi har følt behov for sidan ein stadig større andel av elevane våre har ein annan bakgrunn enn våre norske elevar.

Alme håpar prøveåret vil gi gode resultat, men poengterer samstundes at ein ikkje vil sjå om ein har lukkast før til slutten på sommaren 2015.

– No køyrer vi dette tilbodet først eitt skuleår. Så må vi drage nokre konklusjonar i løpet av sommaren neste år. Eg kjenner at eg gler meg til å sjå korleis dette vil fungere. Vi har planlagt det lenge, og håpar vi kan halde fram med det også etter 2015.

Men for at tilbodet på sikt skal bli permanent, trur Alme at kommunane må samarbeide.

– Det er ingen veg utanom, trur eg. Eg kan ikkje sjå at fylket skal kunne drive dette i mange år framover. Det må vere opp til kommunane sjølve å samarbeide om å gjere tilbodet berekraftig også for åra framover.