– Vi har fleire år hatt gleda av at folk tek kontakt eller har møtt opp for å hjelpe oss både før, under og etter festivalen, fortel Tom Henrik «Tomma» Muggerud i Trebaatfestivalen.

Mykje god «action»

For å få dette i faste former så arrangerer dei også i år i forkant av festivalen eit frivilligmøte, der dei som er gira på eit lite skippertak, kan møte opp og gjere seg kjend med kva som skal skje under festivalen.

– Dette skjer torsdag 8.august kl 19.30 på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik, for dei som ynskjer å være med på litt moro, opplyser Tomma

– Det som skjer i samband med festivalen er ein stor dugnad, og veldig sosialt med mykje god «action», lovar Tomma, som saman med fleire andre har vore med i Trebaatfestivalen heilt i frå starten i 2006.

Teltoppsetjing på rekordtid

I fjor sette vi i saman ein stabel med flytebryggjer på eit blunk, og teltet kom opp på rekordtid på grunn av ei rekkje dyktige hjelparar som hadde meldt si interesse.

– Det er ikkje det at det skal gå så fort, men folk blir engasjerte og har det kjekt, og då ordnar ting seg oftast i ein fei, forklarer han.

– Ikkje minst det å kome bort på Rådhusplassen i fjor etter å ha vore borte eit ærend, og sjå at teltet har kome opp i mellomtida, var litt av et kick, fortel han engasjert. Berre det at nokre kan gå med gul vest på seg i sentrum under dagane, er til stor hjelp når fleire tusen menneske frå fjern og nær kjem til Ulsteinvik, utdjuper Tomma.

Treng godt humør

Ein treng ifølgje arrangørane ikkje noko anna enn godt humør, og å like å halde på saman med andre. Her er det arbeidsoppgåver til både unge og gamle, seier han. Det er berre å ta kontakt både på facebook, telefon eller ved oppmøte.

– Vi har etter kvart god røynsle i dette, og det blir lettare og lettare for kvart år. Dei som har hjelpt oss tidligare veit i alle fall at det også står mykje pizza og brus på menyen når det har blitt gjort ein god jobb, og det skal vi sørgje for i år også, poengterer Tom Henrik engasjert.

Jobba dag og natt

Tom Henrik Muggerud innrømmer gjerne at første par-tre åra dei arrangerte Trebaatfestivalen var ekstremsport.

– Vi gjorde veldig mykje sjølve, og dette førte til at vi heldt på dag og natt for å ro det heile i hamn, sjølvsagt også med ein fin kjerne med vener rundt seg. Det var tøft til tider, men vi har kome oss gjennom dette med stoltheit og audmjukheit, smiler han.

Stolte arrangørar

Gleda var stor for tre år sidan då festivalen hadde ekspandert kraftig, og dei inviterte til frivilligmøte, og opplevde at det i løpet av festivalen var over femti frivillige.  Dei frivillige gjorde små og store oppgåver med stor iver, slik at festivalen gjekk over all forventing, ifølgje arrangørane.

– Det er kjekt å lage festival i Ulsteinvik. Det er heimstaden vår. Vi er stolte over å kunne invitere til ein real folkefest på staden vi bur, avsluttar Muggerud engasjert.