Båten Karianne har nett vore på prøvetur. Denne båten er Discoery Channel interesserte i å filme og lage meir om. Foto: Per Eide

Informasjonskonsulent Tonje Øyehaug Ruud i Ulstein Group fortel at det var vitskapskanalen Discovery Channel som sjølve tok initiativet og ville kome til Ulsteinvik.

Mega World er ein fjernsynsserie som tek føre seg innovative og spektakulære byggjeprosjekt innan teknologi og vitskap.

Fjernsynsgjengen har laga slike program frå mellom anna Tyskland, Polen og Sverige. Til Aftenposten seier dei at noko av grunnen til at dei no har vald Noreg er sambandet til havet. Seriens produsent, Stephen Grant, trekkjer fram at Noreg har nokre av verdas leiande skipsbyggingsverft.

Førstkomande torsdag og fredag kjem dei til Ulsteinvik for å filme hjå Ulstein Group.

Då kjem eit fjernsynsteam på fire stykke for å filme og lage stoff til fjernsynsserien sin. Dei vil lage fjernsynsprogram om X-bowen og skipsindustri.

Øyehaug Ruud røper at den amerikanske fjernsynskanalen er spesielt opptekne av båtane i hallen og Karianne-båten.

Her ser me bygg nr 289, Rem Mist, i det styrehuset blir sett på. Foto: Per Eide/Ulstein Group