Tidefjord kan bli aleine om å trafikkere sambandet Hareid-Sulesund medan medlemene i Sjømannsforbundet streikar. (arkivfoto) Foto: Anne Gry Eilertsen

Om ikkje Norsk Sjømannsforbund og Rederienes Landsforening kjem til semje i vårens lønsoppgjer innan midnatt, vil medlemene i Sjømannsforbundet setje iverk streik. Ei følgje av streiken er at berre ei ferje vil trafikkere sambandet Hareid-Sulesund, melder Tide på nettsidene sine.