Det store snøfallet dei siste døgna gjorde at snøen rasa ut i Geislida mellom Bjørneset og Høydalsneset i Volda - inst i Austefjorden. Raset vart meldt laurdag morgon. Møre si nettavis melder at fire lavinehundekvipasjar gjekk inn for å sjekke rasområdet og at dei no har konstatert at der ikkje ligg bilar i raset. Under det store snøfallet før i vinter, var Geislida stengd. Vegen blir no stengt inntil vidare. Kl. 3.42 vart det meldt at eit snøras stengde E39 mellom Lianeset og Rjåneset i Ørsta kommune. Vegen vart opna att kl. 14.15. Då transportbilen kom frå trykkeriet i Ålesund med avisbunkar som skulle til Volda og Ørsta i natt, måtte sjåføren snu, ta ferja tilbake og køyre over Hareidlandet. Derfor vart bl. a. lokalavisa Møre i Volda forseinka i dag.