I dette området, like ved Eljasgarden på indre Hareid, er det Leidulf Hareide og Byggern Trelast ønskjer å føre opp inntil 22 bueiningar. Foto: Anne Gry eilertsen

Bak prosjektet står Byggern Trelast. Leidulf Hareide opplyser at reguleringsplanen har vore ute til høyring, og at det ikkje kom inn protestar. No står det berre att å få godkjenning frå kommunestyret. Mykje tyder på at dei vil seie ja til prosjektet, for Hareid har hatt mangel på sentrumsnære tomter. Området ligg ikkje langt frå Hareidselva, og har fått namnet “Bruland”. – Frå Bruland er det snerte å kome seg til Hareid sentrum, og det blir gåavstand til snøggbåtkaia, opplyser Leidulf Hareide. Tomtene ligg i flatt terreng, og passar godt for folk som er rørslehemma, og for folk som vil ha ein lettstelt hage. At Bruland vår- og sommartida er velsigna med sol til langt ut på kvelden, er også eit pluss. I tillegg ligg det altså nær Eljasgarden, der det allereie er etablert eit miljø. Det er firmaet AG Plan og Arkitektur i Ørsta som har regulert området, og alle bustadene er arkitektteikna. Dei har teikna inn ei blanding av einebustader i rekke, tomannsbustader og nokre firemannsbustader. – Stilen er moderne, og vi håper marknaden er klart for eit såpass spennande uttrykk, kommenterer Hareide. Prisen på bustadene vil variere frå i underkant av to millionar kroner, til om lag 2,5 millionar kroner.